Stadnamn Møre og Romsdal - datasett frå IKA

Eg snubla over denne samlinga av stadnamn: https://www.fylkesatlas.no/stadnamn_more_og_romsdal

Ho er interessant for nokre av dei områda eg kartleggjar i, sidan ho ofte har eit større detaljnivå enn kva N50 og SSR har. Då meiner eg namn på åkrar, skjær, vatn og haugar, det mest finmaska nivået innan norske lokalnamn.

Dette er mest sannsynleg opne data, men sidene hjå Interkommunalt Arkiv Møre og Romsdal er ikkje heilt klare på lisens så ei avklaring er på sin plass. Har de nokre innvendingar mot at eg kontaktar IKA for å spørja om vi kan nytta denne samlinga i openstreetmap, kompatibelt med ODbL?

Eg tenkjer ikkje på nokon import, snarare berre som eit oppslagsverk ein kan stø seg på når ein uansett teiknar i eit område med god dekking.

1 post - 1 participant

Read full topic


Ce sujet de discussion accompagne la publication sur https://community.openstreetmap.org/t/stadnamn-more-og-romsdal-datasett-fra-ika/102388